Norges Taxiforbund avd. Sogn og Fjordane
Fra Firdaposten i dag:
Har misst nesten halvparten av kundane
Taxisjåfør Rachel Brekken seier at oljekrisa har gått hardt utover kundetalet ved Florø Drosjesentral. Også butikkar og hotell har merka nedgangen. Taxisjåfør Rachel Brekken seier at oljekrisa har gått hardt utover kundetalet ved Florø Drosjesentral. Også butikkar og hotell har merka nedgangen.
Det seier taxisjåfør Hege Brandsøy. Ho og Rachel Brekken jobbar begge ved Florø Drosjesentral som taxisjåførar. Kvinnene fortel at drosjesentralen har sett ei nedgang på kring 40 prosent sidan nyttår, og trur det ei følge av nedgangen i oljeindustrien, dette skriv Firda.
- Eg har vore taxisjåfør i 20 år, og veit at det alltid vil vere svingingar i denne bransjen, men aldri har eg sett slik ein nedgang, seier Brekken.
Redusert bemanning
Brandsøy og Brekken fortel om færre båtar og fly som kjem til Florø som følge av oljenæringa, og at byen difor ser mindre av folk som er interesserte i å nytte taxi som transportmiddel.
- Mindre båtar betyr mindre mannskapsskifte og færre som skal fraktast mellom basar. Vi merkar òg at vi har mindre flykøyringar, seier Brekken.
Kvinnene fortel at Drosjesentralen har sett seg nøydd til å redusere bemanninga då det vart mykje dødtid på sjåførane. For personar som vil bestille seg taxi når det er stor pågang, betyr det at ventetida blir lengre. Men for Brandsøy og Brekken betyr det lågare lønn.
- Sidan vi no har mindre timar og får mindre køyringar, er løna også blitt lågare. Men heldigvis har ingen mista jobben på grunn av nedgangen, seier Brandsøy.
Både Brandsøy og Brekken har inntrykket av at fleire bransjar i Florø har merka effekten av nedgangen i oljeindustrien.
--
Dei fleste hotell har sett eit godt ferie- og fritidsmarknad den siste tida, og vi har difor tilpassa oss og fokusert meir på dette området, samt kurs og konferansar.
Direktøren kan difor melde om eit sterkt første halvår, trass i ein reduksjon i oljerelatert trafikk. Han seier òg at andre delar av næringslivet har funne måtar å konmpensere for reduksjonen i oljetrafikken, og at situasjonen verkar som å ha stabilisert seg den siste tida.
Brandsøy og Brekken seier dei også ser denne stabiliseringa, og håper dei snart vil begynne å sjå ei auke i talet på kundar ved drosjesentralen.
- Vi er jo taxisjåførar så vi er evig optimistar, seier Brandsøy.
Drosjesjåfør til sjukehus etter møteulykke.
Like før klokka halv ni i dag torsdag morgon kolliderte ein varebil med ei minibuss-drosje. Ein patrulje frå lensmannskontoret i Sogndal rykte ut på ulykka som fann stad ved Marifjøra i Luster Kommune. Les mer her.
Årsmøtet 2016
Endre Råheim fra Viksdalen ble på Årsmøtet gjenvalgt som Fylkesleder for 2 nye år.
Eva Hagen fra Bryggja gikk av som nestleder for å gå over i pensjonistenes rekker.
Styret for 2016 :
Fylkesleiar: Endre Råheim, Viksdalen
Nestleiar: Olav Lerum,
Styremedlem:
Varamedlem: Per Helge Olsbø
Sekretær: Henning Karlsen
Valkomite: Bjørn Blaalid, Måløy
Arne Jacobsen
Bombrikkepåbud fra 01.01.2015.
Fra 01.01.2015 må alle biler med totalvekt over 3500 kg som brukes i næring ha bombrikke. Ved å ikke ha brikke i bilen etter 01.01 vil en bli ilagt et gebyr på Kr. 8.000.-
Les mer hvordan du kan bestille brikke her.
Truet med å skyte muslimsk taxisjåfør som ikke ville diskutere Paris-terror
Passasjer i 40-årene dømt til 90 dagers fengsel for rasistisk motivert vold i Florø.
Les hele historien i dagbladet.no
SANDE (NRK): Neste sommar får reisande mellom Førde og Bergen ei heilt anna oppleving av å køyre gjennom Gaular. Allereie no kan du vere med å prøvekøyre vegen. Sjå meir her.
Brev skaper frykt for tap av matjord.
Midt i den grøne landbruksbygda skal planleggarane finne ny trasé for E39 gjennom Byrkjelo, og vidare i tunnel under Utvikfjellet. Dette kan sette prinsippet om vern av dyrka marka på kraftige prøver. Les meir her
Kva skal til for at drosjenæringa skal overleve i distrikta?
Den 2. Distriktsdrosjekonferansen som vert halden i Tromsø med 180 utsendingar frå heile landet, og fem stortingsrepresentantar til stades, viste at distriktsdrosjenæringa er ei utryddingstruga næring. Les referatet her
Vil tvinga drosjesjåførar til å kvila
Er du drosjesjåfør som eig din eigen drosje, kan du køyra så lenge du vil. Dette gjeld så lenge drosjen din er lettare enn ein lastebil og tar færre passasjerar enn ein buss.
Drosje og buss erstatter ekspressbåt.
Buss og drosjesamband er sett opp til og frå Lavik, og desse korresponderer med alle ekspressbåtane i Rysjedalsvika. I helgane er det bestillingsordning med drosje. Den nye ekspressbåtkaien er venta å vere ferdig andre halvår 2014. Frå Lavik til Rysjedalsvika går ruta frå busshaldeplassen ved Statoil. Les mer her
Nytt fra fylkeavdelinga.
Email us: mail@demolink.org
Call us: +800 922 1150
Copyright @ All Rights Reserved